VIL DU BLI MED I EIT NETTVERK SOM DRIV UTVIKLING OG DRIFT AV LUKKA OPPDRETTSTEKNOLOGI?
Akvahub AS har som mål å etablere eit leiande miljø for effektiv utvikling av berekraftig havbruksteknologi i Sogn og Fjordane og omegn. I berekraftig havbruksteknologi legg vi i denne samanheng teknologi som kan inngå i lukka flytande, og lukka landbasert oppdrett av laks og aure.
I dette miljøet skal vi oppnå systematisk kunnskaps- og erfaringsutveksling med tanke på både utvikling og drift av slike system! Sogn og Fjordane Fylkeskommune delfinansierer prosjektet via Marint Verdiskapingsfond!
Ynskjer du tilgang til portalen og deltaking på neste workshop?